Gammal postveg

 
 
 
Gamle postvegen gjennom Kvinnherad gjekk frå Ølfernes til Herøysund. Bileta er tekne nord for Ølfernes ved Leirvikskleivane. Brua over Dalelvo som renn ut frå Erslandsvatnet, er laga på slutten av 1700-talet!

To gamlingar

 
På turen min over Kaldestad gjekk eg forbi to gamlingar: Først bedehuset, for meg ein kvit idyll i det grøne, for andre eit viktig haldepunkt på livsvegen. Så ein gammal apal som baud fram raudnande frukt, men ingen ville visst ha denne hausten heller…