Søndagstur på isen

CIMG1152

Opsangersvatnet ligg med til dels blank is, og innbyr til ein skeisetur før sola går ned bak Kaldestadåsen.

CIMG1150

Då møter du kanskje ein av desse, helst på gode, gamle Ballangrudskeiser. Desse som var smågutar på 50- og 60-talet då det enno var skeiseis kvar vinter. Skeiseteknikken sit enno i lårmusklane der dei glir framover med seige fråspark.