Til fjells i Rosendal

Malmangernuten ruvar mørk over Rosendal. Då eg var jentunge, høyrde eg segna om at han skulle falla ned den dagen 7 søstre gifta seg samstundes i Kvinnheradkyrkja. Eg var aldri heilt trygg på reis til Rosendal då. Seinare viste det seg at sjansen for at dette skulle skje berre har blitt mindre og mindre etter som barneflokkane har blitt mindre 😉

Du kjem til Nuten via Skeishagen, der ber det bratt opp til Høyklepp. Her er vakker utsikt over Snilstveitøy og Skorpo  i Kvinnhersfjorden. Ferda går vidare endå brattare opp under Hjort. Du kan kikka ned på Baroniet Rosendal som berre er eit lite dokkehus sett herifrå! Deretter slakkare terreng innover mot Nuten.

Turen heim gjekk bratt ned om Muradalen, kjend for kamp om kraftutbygging eller naturvern. Geitene som beita innerst i dalen, vassa i kvitveis, og brydde seg knapt om røyrgater eller naturvernkjendisar.