Hjortatrakket

Opp gjennom Husneslia til Bremstølen, vidare til drikkevasskjelda Svartavatnet, går du langs elva med små «Niagarafossar». Stig du vidare opp mot snaufjellet, får du vakkert utsyn mot havet, eller innover dei 7 blåner (her: Rosendalsfjella). Ein vindstille dag på Mjelkhaug på slutten av denne ruta kan anbefalast!