GODT NYTT ÅR!

Den grøne plassen sine ønskje for det nye året:

Måtte me få mange dagar forgylte med vakre soloppgangar.

Måtte me få mange mjuke, kvite dagar til å boltra oss i, eller til å nyta frå vindauga.

…….og om du er lei snømåking, glatte vegar, nedfrosne bilar, om 2 – 3 månader håpar eg det er dette som møter deg når du går ut på trappa ein morgon!  Godt nytt år!

Langs postvegen

Den delen av gamle postvegen som går mellom Raudstein og Herøysund, blir for tida rusta opp (heia Are og gjengen). Vegen går for det meste langs hovudvegen gjennom Kvinnherad, men likevel i slik avstand at idyll og ro rår.  I høgd med Urastovo tar du deg ein tur ned i ei fin rullesteinstrand.  Her har du utsyn  forbi Åskesholmen til havs, og du finn spennande bergformasjonar.

This slideshow requires JavaScript.