Av alle dyreungar likar eg best lamma, desse krøllete små skapningane som du får så lyst til å kneppa inntil deg. Då eg var liten, sprang eg heile bakkane rundt etter lam, helst dei sjeldne svarte.
No er tida der snart, at nye lam ser dagens lys. Men eg spring ikkje lenger bakkane rundt for å fanga dei.