Grøn stein

Vinteren gjennom lyser mosen grøn og optimistisk sjølv om mykje anna kan synast grått og trist. Gamle mosekledde steingardar er kjent syn på våre kantar, perlerader som skil innmark frå utmark, eller skifte mellom naboar.

…fullmånen lyser som var den av glas

..syng Cornelis Vreeswijk  i «Balladen om Herr Fredrik Åkare och den søta Cecilia Lind».  Han var ein av mange som har brukt månen til å skapa stemning i visene sine. Nett i kveld skulle du ta deg ein tur ut i måneskinet, for i kveld er fullmånen nærare oss enn han har vore på nesten 20 år.

Bergensgrått

Vinterferie i Bergen byr på grått, det er enno ei stund til byen blir grøn, rodhodendrongrøn.

Av fine, kjekke ting i Bergen kan nemnast desse to:

1. Finaste storajento mi som har oppdaga noko veldig vesentlig om Bergen: «Da e so kjekt når eg ser ut vinduet om morgonen og ser at asfalten er tørr!!»

2. Bybanen: Eg ælskar bybanen i Bærrrgen!

Trur eg kunne reist opp og ned til Nesttun ein heil dag. Lytta på nydelegaste bergensstemma som annonserer haldeplassane:

Nygård

Flo’riiida

Bybanebenker med bølgebakgrunn.

Og endå er det mykje meire fint i Bergen.