Kvitt i Kvam

Det er ikkje berre epleblomen som lyser kvitt i Kvam. Grøftekantane og enkelte lier er fulle av duftande ramsløk.

Eit lite firma i Øystese har spesialisert seg på m.a. denne løken og frå deira heimeside har eg henta oppskrifta:

http://www.noring-ans.no/

Ramsløkgratinert squash

Squash
Ramsløk
Smør (eller ei god olje)

Smør ei eldfast form. Vask squashen og strimle den med ostehøvel oppi forma.
Ha oppi godt med ramsløk og smør.
Sett i komfyr på 150 C. Steik i ca 15 min. –ikkje altfor mjuk. Vend den litt.
Smak til med grovt salt og nykverna pepar. Godt attåt f. eks. steikt, kvitt kjøt.

17.mai i sikte!

Turane mine dei siste dagane har stort sett gått mellom symaskinen og strykebordet. Mange detaljar skal på plass når tre damer skal iførast bunad, ein kjekk tradisjon som til og med metall-ungdomen gler seg over! Og kva med far i huset då? På veg inn i bunadsverda er han berre komen til sølvknappane, litt lite å ha på seg på grunnlovsdagen! Han får inntil vidare nøya seg med findressen.

Søndagsfin kusymre

«Når kusymra blømer, kan ein sleppa kydno ut på beite», sa mor mi, difor namnet «kusommar» på denne vakre, gule kystplanta som likar seg aller best ute på øyane til havs, dessutan på kalkrike stader inni fjordane her vest. Før i tida vart ho brukt til medisinplante, skulle hjelpa både mot hovudverk og rynker.

1.MAI

Kjersti Ericsson, tidlegare politisk leiar langt ute på venstresida, har skrive vakkert om kvitveisen, høveleg på ein festdag for alminnelege arbeidsfolk:

Hvitveis

Se på meg,

Hvisker hvitveisen.

Ikke er jeg sjelden

og merkverdig

på noen måte,

stikker meg ikke ut

rager ikke opp

over mengden.

Her står vi helt

alminnelige,

skulder ved skulder.

Vet du noe vakrere?