Frå kvitt til gult

I dag må de vera med meg på jobb, og jobben det er skulen. Kvar vår har me temadagar ute i nærmiljøet, og i år var det skog på planen. Me prøvde oss på plantefarging, samla blåbærlyng, røsslyng og bjørkelauv frå skogen. Plantedelane trekte på god varme i omlag ein time, og vips så var kvit ull blitt gul, eller var det gull??

This slideshow requires JavaScript.

Pinsetur

Bak Vasshaugane som ligg langs riksvegen mellom Raudstein og Herøysundet, finn du Hellvikvatnet. Ein liten, blå diamant av eit vatn, ikkje så stort, men idyllisk nedunder Krakelinipen. I «gamle dagar» var dette arena for lokale skeiseløp om vinteren. Då kjempa gutane frå Raudstein mot gutane frå Herøysundet. Vetlasysto fekk aldri lov til å vera med opp til vatnet, men måtte fint venta heima på resultatet av dagens løp. Sikre kjelder vil ha det til at Raudsteinsgutane alltid vann, iallefall samanlagt! Ikkje sikkert at Thor B. er samd i dette? Du finn vatnet om du startar ved vassverket i Herøysundet, velg løypa som går til Gråskallen via Hellvikvatnet.

Seglbåtsøndag

I dag rebloggar eg. Det var ei fantastisk oppleving den junidagen eg klatra opp baksida på Gråskallen og oppdaga desse «små» båtane på Husnesfjorden.

 

Vårherre ute og leikar med seglbåtane sine? Eller regatta på Husnesfjorden? I helga har Bavariaklubben Bergen hatt treff i Husnes båthamn. Sett frå Gråskallen vart dei store seglbåtane småe nede i fjorden på veg tilbake til Bergen.