Pinsetur

Bak Vasshaugane som ligg langs riksvegen mellom Raudstein og Herøysundet, finn du Hellvikvatnet. Ein liten, blå diamant av eit vatn, ikkje så stort, men idyllisk nedunder Krakelinipen. I «gamle dagar» var dette arena for lokale skeiseløp om vinteren. Då kjempa gutane frå Raudstein mot gutane frå Herøysundet. Vetlasysto fekk aldri lov til å vera med opp til vatnet, men måtte fint venta heima på resultatet av dagens løp. Sikre kjelder vil ha det til at Raudsteinsgutane alltid vann, iallefall samanlagt! Ikkje sikkert at Thor B. er samd i dette? Du finn vatnet om du startar ved vassverket i Herøysundet, velg løypa som går til Gråskallen via Hellvikvatnet.

One thought on “Pinsetur

  1. Eg trur nok det er rett at gutane på Raudstein vann samanlagt dei fleste gongene fordi dei hadde eit jamnare lag, men på mine resultatlister er det ein deltakar frå Herøysund (bekjedenheten forbyr meg å nemna namn) som toppar resultatlistene.
    Jenteklasse var det aldri snakk om – hugs det var tidleg 60-tal, dette. Jentene skulle leika med dokker.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s