Sommaren var her

Sommaren har vore her, men det vart lite båtliv denne gongen. Ein av dei varme dagane starta fint som biletet viser frå Bjellandsneset. Ikkje lenge etter vart me jaga heim av eit forferdeleg torevêr, men her er det stille før stormen.

London

Den grøne plassen har vore i London og fann frodige gater innimellom det grå.

Hotellrommet hadde (sjølvsagt) grøn lysekrune.

Utsikt frå vindauga, og ein lite eigna rømingsveg i tilfelle brann!

På skotøyet skal ungdommen kjennast!…… og slik kan det gjerast for å unngå gnagsår når ein skal traska lengje i storbygatene.

Vakkert på Bømlo

Ein tur til Bømlo byr på mange idyllar langs snirklete vegar. I Mosterhamn ligg Tollhagen, omgjort til liten hagerestaurant om sommaren. Korleis mat og vin smakar her veit eg ikkje, men mykje godt for auga er her i alle fall. Du finn Tollhagen rett nedanfor Moster amfi.

Flettejenter på tur

To fine flettejenter på tur langs postvegen. Ved Urastovo mellom Herøysund og Raudstein kan du ta ein avstikkar ned i stranda og flippa skøynesteinar. På Alvokskodaren (Allverdskodaren) har du fin utsikt over Husnesfjorden, og herifrå skal du kunna sjå sju kyrkjesokn.