Lito haustgleda

Når vinterveden kjem til tuns, har eg det fint. Då kan eg herja på i fleire timar med ein av mine favorittsyslar om hausten: lø opp ved langs stoveveggen. Ein blir varm og god av arbeidet, og av forventningar om knitrande stovevarme når det kjem kaldare dagar.

Mitt val, ditt val?

I år som for to år sidan oppmodar eg deg om å stemma på eit parti som har eit restriktivt syn på bygging i strandsona. Vil du at våre barnebarn, oldebarn, tippoldebarn skal ha same høve til å vandra langs strender og svaberg som me har i dag, må du vera med og stoppa utbyggingskåte politikarar no! Har me mykje kystlinje å ta av, seier du? Bruk augo godt neste gong du køyrer Kvinnherad på langs, gjerne på Halsnøy òg. Det er utruleg mykje folk i Kvinnherad som har bruk for naust etter kvart, mest så ein skulle tru at fiskaryrket er på full fart inn att! Godt val!

Noko fint i granskogen

Eg er ikkje så glad i vestlandske granskogar (trass i soppen som veks der). Skogen er som oftast mørk, tett og med lite vokstrar i skogbotnen. Men brått kan du koma over ei perle, som her: Saftiggrøn gauksyre og bergflette som syg til seg solstripene gjennom ei opning i tett granbar.