grå helg

Denne helga har vore grå, kjekk grå! Eg har lagt ned gamle tak-heller framfor huset. Midt inne blant dei gamle kjempene fekk nyare stein plass; ein liten kleberstein, frå stoveomnen vår som datt meir eller mindre frå kvarandre sist vinter.

Til leige

Er du i vande for hus, kan du leiga umøblert rom vestom Kaldestadåsen. Litt usentralt, høver best for leigetakar som er sprek og lett i hamsen, då tilkomsten går over stokk og stein.

Fasilitetar: Dusj og do med god lufting under open himmel. Oppvarming: Hogg din eigen ved i omkringliggjande skog, men hugs på bålforbodet i sommarhalvåret.

Utsikt: Mellom granleggjene, men eit par steinkast mot nordaust har du nydeleg utsikt over Husnes, Røssland og Kaldestad.

Prisantydning: Gratis

Siste versa på sommarvisa

Når september går over i oktober med meir enn 20 graders varme, sjøen ligg glatt og blank, kan me endeleg nyta båtlivet att.

Trea har kledd seg i årets motefargar, som er nett dei same som i fjor.

Hummarfiskaren prøver lukka, tett i tett langs land. Fisket etter hummar opna 1.oktober.

Heima i hagen held blomkarsen fram si ville ferd over stokk og stein.

Til slutt, ei sørgjeleg plomme syng på siste verset.