helg med holly

Denne helga har me i heimen vår hatt status som hundepassarar. Livlege, vesle Holly kan gjera den tøffaste «hundemotstandar» mjuk og blid. Når me er ute på tur i lag smiler munnen min heile tida, og beina får lyst til å hoppa og spretta. Har Holly vore heime åleine ei stund, møter ho meg i døra med verdens ivrigaste logring, og eg kjenner meg velkommen heim.

LEFSER PÅ EIN LAURDAG

På denne vakraste laurdagsmorgonen gjekk bloggturen til skulekjøkenet der deler av familien samla seg til lefsebaking.

Heimalaga bakeutstyr til heimalaga kaker.

Suveren kost feiar vekk overflødig mjøl.

Det skal ærleg innrømmast at den unge generasjonen fekk dreis på kjevlinga, og laga minst like runde, fine lefser som dei meir røynde bakarane.

Lefsenegler

Fin flokk har sytt for at julelefsene er i hus.

blank sjø

Når vinden har tustra og gnålt rundt husnovene mest heile hausten, er det vedunderleg å vakna ein søndagsmorgon til stille, BLANK SJØ med skoddeslør.

Familien på 4 tar turen ut Sundsvågen.

Ikkje vits i å setja segl i dag!

Klar til å ta imot ny fortøyning neste sommar.