tidenes bursdagsgåve

Julaftan vart eg for første gong nærare 60 enn 5o år i tal. Nokon her i huset meiner at eg etter kvart er blitt skøytalaus med bruken av tende stearinljos. Kvar kveld må nokon ta ein runde både inne og utomhus for å sjå om eg har tende ljos på stader eg har gløymt (seier nokon). Difor fann nokon på å gje meg kunstige led stearinljos til bursdagen min; dei styggaste stearinljosa eg har sett! Det hjelper ikkje at nokon  dekker fint på frukostbordet kvar morgon:Men ljosa kan då brukast til å få grøn stemning på «den grøne plassen» når det ruskar ute og fotografen helst vil vera inne.Eller kva med litt kjølig atmosfære à la Antarktis-bileta til Vebjørn Sand sidan snøen er heilt fråverande?Blir det for kaldt, skal det berre eit lite trykk på fjernkontrollen til, og du kjem straks inn i reinaste «Red-light-district».Eller er du lei av jula alt? Nytt trykk på fjernkontrollen, og du har påskestemning i stova!Eller eg kunne ta lysa med ned på Sunde-brua, setja dei oppå kvarandre og laga ein mini-lysskulptur liknande «Samspel» oppi Askedåso på Husnes. Jau då, lysa kan koma til nytte på ulike måtar dei, men kanskje ikkje slik nokon hadde tenkt!

god jul, i glede og sorg

God jul, helsar vi, ein fin skikk som fortel om omtanke for kvarandre. Det blir ikkje alltid god jul for alle, av mange ulike grunnar. I dag går tankane mine til dei som har ein eller ei for lite å feira jul med. Akkurat i dag for 19 år sidane måtte vi gå til grava med ein liten nyfødd son. Eg var overtydd om at eg aldri meir kom til å bli glad, iallefall ikkje i jula. Likevel var det godt å kjenna at vener og bygdefolk brydde seg, tok deg i handa og ønskte deg god jul trass alt. Åra går, såra lækjest, minna er att. I dag går vi på grava med krans og lys, og minnest vakre vesleguten vår.

Eg helsar alle god jul, og vonar du får feira slik du ønskjer.

grønt til jul

Det vesle som var av snø er for lengst borte. Kobbavikjo på Opsanger ligg på det næraste vårgrøn. Legg du turen til skogs, finn du mykje fint pyntegrønt, som her bjødnamose. Av bjødnamosen kan du laga fine kostar til å sopa av bakstehedlo med, eller oska or omnen,  julegåvetips?