tidenes bursdagsgåve

Julaftan vart eg for første gong nærare 60 enn 5o år i tal. Nokon her i huset meiner at eg etter kvart er blitt skøytalaus med bruken av tende stearinljos. Kvar kveld må nokon ta ein runde både inne og utomhus for å sjå om eg har tende ljos på stader eg har gløymt (seier nokon). Difor fann nokon på å gje meg kunstige led stearinljos til bursdagen min; dei styggaste stearinljosa eg har sett! Det hjelper ikkje at nokon  dekker fint på frukostbordet kvar morgon:Men ljosa kan då brukast til å få grøn stemning på «den grøne plassen» når det ruskar ute og fotografen helst vil vera inne.Eller kva med litt kjølig atmosfære à la Antarktis-bileta til Vebjørn Sand sidan snøen er heilt fråverande?Blir det for kaldt, skal det berre eit lite trykk på fjernkontrollen til, og du kjem straks inn i reinaste «Red-light-district».Eller er du lei av jula alt? Nytt trykk på fjernkontrollen, og du har påskestemning i stova!Eller eg kunne ta lysa med ned på Sunde-brua, setja dei oppå kvarandre og laga ein mini-lysskulptur liknande «Samspel» oppi Askedåso på Husnes. Jau då, lysa kan koma til nytte på ulike måtar dei, men kanskje ikkje slik nokon hadde tenkt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s