Adam Hiorths veg

God bok for ein turelskar og andre:Brit Bildøen si siste bok er eit funn for den som likar seg ute under open himmel. Her møter du den aldrande miljøvernaren Jon, som syklar landet vårt på tvers, med ein ung filmskapar, Adam, på slep. Nydelege naturskildringar og mykje humor i salig blanding, les, les…..

Red in the morning…..

«Red in the morning, sailor’s awarning» – står det i handboka mi for båtfolk. Det bryr eg ikkje det minste om, for båten ligg trygt på låven, og eg vil nyta dei sjeldne raude soloppgongane me er velsigna med denne vinteren. Her gjer måsen seg klar til frukost i laksamerdane, og hegren siglar høgt innover, truleg på veg til dagposten sin i Opsangervatnet.

Gråvêrstur til Gråskallen

«Vera med på tur t Gråskallen?» let sms-en frå naboen i dag føremiddag. Regntjukke skybankar låg i vest, men me let det stå til. Turen gjekk via Onarheimslio på glatt og vått føre, men desse konene har vore ute før og er enno mjuke i steget 😉Kvilebenk, dersom det ikkje hadde vore så vått.Det var heller dårlig sikt på toppen, og turen gjekk raskt nedover i retning Langgåt.Vakkert, på eit høgdedrag nedanfor Gråskallen ligg ei pittelita jakthytte,  høveleg til ein tørr pause.Endeleg kom sola fram eit øyeblikk, og strødde gull over Bogsnes-neset og Husnesfjorden.

GODT NYTT ÅR!

– og godt nytt turår, anten du skal kort eller langt! Mine turar går for det meste i nærmiljøet, og her ligg mange uoppdaga turmulighetar og ventar. Halsnøy ligg rett utanfor stovevindauga mitt, men er «nytt terreng» for meg. Det skal eg gjera noko med i året som kjem. Har alt starta med tur til Toftåsen, ein nytelse i grøn vinter:Grøne, små vestlandsbakkar omringa av skog og spennande hidlarar.Flate bakkar finst knapt i dette området.Mykje himmel over Halsnøy, lyset blir spesielt fint.Ikkje så mange og lange motbakkar på øya, her har ein god hjelpar likevel vore i sving. Då er det berre å seia GOD TUR inn i det nye året!