Ulvanåso 2012

I dag var det tid for skitur til Ulvanåso.Medan skodda låg tett i dalen under oss, kunne me klatra lett opp i solskinet. Ja, eg smiler heile vegen (nesten). Dette er den årlege helsetesten på at hjarta held 😉Utsynet til baksida av ei anna kjempe, Englafjell. Ho vender solsida mot Husnesfjorden, skuggesida mot Uskedalen, eller kanskje uskedelingen vil seia noko anna?Under stor, blå himmel vert me små maur, kravlande oppover.Høgeteen med Geitadalstind og Vesletind bak. Og grunnen til at min tur alltid må stoppa 15 – 20 min unna målet. For her er det altfor mykje laus luft og blått på begge sider av løypa, kvalme og skjelving får overtaket og eg snur skina heimatt. Men eg seier at eg har vore på Ulvanåso likevel!

Bjellandsneset på nytt

Eg har teke deg med på bloggtur til Bjellandsneset før, og gjer det igjen. Denne gongen sett gjennom augo til mannen i huset. Området er så pass stort at du kan gå «nye» turar mange gonger før du går opp att i gamle spor.Turen startar på enden av Bjellandsneset, bak i skoddehavet ligg Huglo og Tysneslandet.Dette gullet har me mykje av.Krabbahopen ytst i Åskesvikjo, fredeleg badeplass.Kretevikjo med Kreteviks-tongjen ligg lenger inn i Åskesvikjo, fin plass å leggja til med båten, badeplass for symjedyktige. Desse stadene kan du nå frå båt og til fots. Sjekk heimesida til «Turstiar på Sunde» så finn du turomtale og kart.

ei hand å halda i

99 år gammal, arbeidsdagen for lengst over. No kviler handa i fanget, minnet om det som har vore er ikkje lenger så godt å få tak i. Men handa slo likevel lystig takten då me song ein reinlendermelodi. Godt å sjå at gamlatanto vert omsorgsfullt teken vare på.