besøk hos skulenaboen i vest

Eg har vore på studiebesøk i Glasgow. Turen gjekk gjennom «Harry Potter»-land.Me vart hjarteleg mottekne.«Vurdering for læring»  stod på planen; mål og kjenneteikn på måloppnåing i alle klasserom.Lærerikt frå start til slutt. Litt misunneleg på dei elektroniske tavlene i kvart klasserom!Og så var det mat, som t. d. skotsk fish and chips, som såg betre ut enn han smakte!

alle fugler små

«Å, det går ikkje an å sova når dei der fuglane bråkar sånn utanfor,» ungdommen i huset står opp lengje før kl. 12 på ein fridag, heilt uvanleg.Bokfinken er tilbake, og det er tydeleg at enkelte er meir populære enn andre i flokken. Denne ser ut til å vera kongen.I matfatet er grønfinken sjef. Med vake blikk og nådelaust nebb passar han på å få fyllt magen sin.Men det hender at ein og annan liten luring, som grønsisiken her, nyttar høvet til å få seg ein matbit medan sjefen er oppteken på anna hald.

«Moffen» sin hage

Eg bur i ein gammal (sviger)bestefarshage. Kvar vår kjem denne hagen med gamle løkblomar i hopetal. Moffen må ha vore glad i blomar og tre, for vidare utetter våren og sommaren blømer liljekonvall og kantkonvall, nellikroser og prestegardsroser. Nokre av desse har eg flytta på, men dei kjem like fint tilbake, heilt tydeleg at gamle planter toler mykje. Ein gong i ungdommen var eg gjest hos Moffen, fekk servert kaffi og vaflar ute mellom ripsbuskane. Den gongen tenkte eg: Her i denne hagen var det godt å vera. Ikkje visste eg då at mange år seinare skulle eg få bu i nett den hagen :