glitrande

At det har regna eit halvt år bakover i tid, gløymer vi når vi vaknar til soloppgang og sovnar til solnedgang (nesten) i dagavis. Sunnhordlandsbassenget med sine perler langs sjøen, tek imot oss i år og. Ønskjer du deg eit svaberg, fuglasong, måsaskrik, ro og fred, skal du leggja turen til Åskesvikjo.

barndomsminne

Idet ei skøyte av gammal årgang glir opp langs landet, kan eg kjenna lukta av nyslege høy, sett opp i såter for natta, smaken av surmjølk og kavring servert på trappahedlo fordi kvelden er så varm og fin, kjenna kløen av ferskt myggstikk på jenteleggen. Eg likar skøytene som fylte fjordane før i tida.

til lukka med dagen, folk og dyr!

Eg likar 17.mai, så i dag la eg ut i tog, saman med bygdefolket, eller dei «rare dyra på Sunde» som me har blitt kalla av (ein foruretta) gjestelakseoppdrettar Gerhard Alsaker. Eg likar meg i «dyreflokken» på ein 17.mai, om det regnar, bles eller skin sol, her stiller bygda like trufast opp. Tradisjonen med betasuppa, kaker og kaffi i gymsalen etter tale, song og musikk, held seg like levande i nye generasjonar. Jau, på 17.mai trykkjer eg «Lik dette»!

ORSAK, 1.MAI!

Orsak, 1.mai, for at eg brukar dagen med hakka og greip, på dagen der reiskapar skulle kvila. Men du skjønar, her kom slik ei sjeldan, varm sol, så eg berre MÅTTE….Og små-stemoren ventar så inderleg på meir jord rundt røtene, så  orsak, 1.mai, eg berre MÅTTE….Men flagget har eg fått opp, så får eg gle meg over at andre framleis feirar dagen med parolar og tog, medan eg berre MÅTTE…….