sommarminne 2

No blømer dei gamle rosene for fullt. Nokre kallar dei for prestegardsroser, andre herregardsroser. I min barndom heitte dei «do-roser», av den enkle grunn at dei voks i sørveggen på ute-doen. Rosene duftar nydeleg. Me som ein gong var småjenter, brukte blomsterblada til å laga parfyyyyme. Stor var spenninga kvar sommar då me la dei fine, raude blada i vatn på ei dertil passande krukke, sette ho på ein mørk stad slik at ho kunne godgjera seg ei stund. Like stor var skuffelsen då me tok fram att krukka for å kjenna på parfymedufta; vatnet var brunt, blada rôtne…..og slik gjekk det kvar gong me prøvde, noko Chanel vart det aldri av oss småjentene på Raudstein.

Boletteplassen

Ein gong regjerte svigermormor Bolette her. Eg kjende henne aldri, fordi ho døydde før «mi tid» i familien. No har ho fått den nye utplassen vår oppkalla etter seg.

I gamla uthuset fann me denne potta, som får nytt liv med potteblom.

Vår vakre, men defekte klebersteinsovn får nytt liv som bord.

Grønt alibi i nylagde gamle, gråe løehedler.

på juni-ski til bre-kanten

Av og til når fjorden ligg blank søndagsmorgonen og innbyd til båttur, får ein slik ei ubendig lyst til å gå på ski. Slik vart det i dag med start ved kraftstasjonen inst i Blådalen.

Bratt?? Kor bratt kan det bli? Ikkje bra start for ei som er meir enn middels høgderedd.

Endeleg oppe i Blådalsbotnen, etter å ha vore på skrå bredder mykje av vegen, klatra over lause urer og sett småras nedover stygge, svarte fjellsider.

Under snøen og isen, nokre stader oppe i dagen, buldra smeltevatnet som skal bli straumen vår via Blåfalli.

Så, over eit skar, kvelvar Fonno seg med lokkande solflekker. Det kunne sjå ut som om ho var så nær, så nær, men det stemte ikkje.

Stifinnaren er send ut på rekognosering.

Det blømer i 1000 meters høgd òg.

Siste del gjekk gjennom smale skar, med eitt og anna skummelt overheng.

Nå kjem neste ras dettande?

Då er me framme! Ein bakke ned, så kan ein stiga inn på Fonno. Men den engstelige av oss, har oppdaga noko som liknar på sprekker? og bestemmer at i dag går turen hit, og ikkje lenger!

Den som ikkje nådde heimatt…….

og den som nådde heim att 😉 på tungt, vått føre gjer det godt med pust i (nedover)bakken.