MITT LILLE LAND

Inspirert av minnekonserten for 22. juli på Rådhusplassen i Oslo, vil eg blogga litt av mitt lille land, som likevel kan kjennast uendeleg vidt og stort om ein står på ein topp. Her utsyn frå Melderskin.

 

King Kong og eg

Dersom eg ein vakker sommardag skulle treffa på King Kong i Skålagato, skulle eg ha vist han opp til verdens finaste, naturlege skate-rampe mellom Laurdalstind og Melderskin. Her kunne han halde på med rullebrettet sitt ganske uforstyrra, for så å stiga varsomt ned, under Hålandsbråtet, nedover Malmanger, og så leggja seg roleg ned på hotellstranda og venta på skyss vidare.