Tveitedalen – Børsdalen – Fagerdalskaret – retning Mjelkhaug

Børsdalen strekkjer seg frå Tveitedalen (Utåker) til Uskedalen. Dalen er utruleg grøn på Utåkersida der me gjekk opp i dag. Her kan du finna blåbær i bytter og spann.

Der elva  renn roleg, kan du sjå småfisk, og ta eit bad om det er varmt nok.

Ved enden av Børstølsvatnet byggjer eldsjeler nytt sel.

Opp mot Fagerdalskaret går du bratt i høgre sida.

Vel oppe får me nydeleg utsikt nedover dalen me kom frå, Skånevik heilt bak i biletet.

Over kanten andre vegen, ligg Uskedalen, rett nok mykje stein å tilbakeleggja først.

Til høgre kunne me skimta Høgeteen/Ulvanåso innhylla i skodda.

Me la i veg mot Mjelkhaug og Husnes, bratte, men glattslipte berg, lett å gå.

Rundt Englafjell hang skodda stadig tjukkare, og kom etter kvart farande bort i det området me skulle gå inn i. Utan merkt løype og med liten sikt, var det tryggast å snu tilbake dit me kom i frå. Dette er ein tur med mykje stein, men er du stø på foten og likar litt «klatring», så legg i veg!

På flyttefot

Mens mammene og pappane stadig kan nyta sola i ein strandstol på eit svaberg, er det mang ein ungdom som er på flyttefot i desse dagar.

Når ein er på flyttefot, kunne det stundom ha vore kjekt å ha ein slik krok oppunder mønet som gamle hus i Amsterdam har. Kroken blir brukt til å heisa opp tunge, store ting som deretter blir tekne inn vindauga. Smale trappeoppgangar i gamle hus er ikkje alltid like godt eigna til flyttelass.

Brandasund ein sommarkveld

I går kveld var eg vest i havet, i Brandasund, mor mi sin heimstad. Eg gjekk i spora hennar der ho hadde sin veg til skulen og til handelsmannen, «Nillo på Skjeret».

I Nillo sine butikkskuffer var der ein gong mjøl, gryn, sukker og mykje anna rart.

Mammo mi fortalde alltid om solnedgangane i havet, og i går fekk eg endeleg sjå, med utsikt frå Brandasundssåto over Slåtterøy fyr.

Purpurlyngen klorar seg fast til berget, om det er aldri så verhardt.

På heimveg, over bruene, brann himmelen. Ein sommarkveld i Brandasund er meir enn verdt turen.

 

 

I AMsterdam – 1

Den grøne plassen har vore i Amsterdam, ein spennande by «på pålar».

Gamle hus mot nyare bakgrunn, men ingen verkeleg høghus i Amsterdam. Husa står på pålar, mot 2 sandlag nedover, minste husa er forankra med pålar ca 13 meter ned, dei største 28 meter ned. Gamle hus står på tømmer frå Skandinavia, det rotnar ikkje så lenge det ikkje kjem i kontakt med luft. Nyare hus står på betongpålar, fascinerande!

Sidan alt står på pålar, er det vanskeleg å hindra at noko sig skeivt, men her er det snakk om å støtta kvarandre.

«Ombord i en husbåt i ælva, kan livet bli tåli bra»…. skreiv Rudolf Nilsen, nokre husbåtar var retteleg fine, andre såg ikkje så fristande ut.

I trange bygater var det plass til fotgjengarar, syklistar, trikkar, bussar og bilar, her har ingen spurt etter standard breidd på fortau og vegbane!

Den grøne plassen smeltar ved eit slikt syn 🙂