Brandasund ein sommarkveld

I går kveld var eg vest i havet, i Brandasund, mor mi sin heimstad. Eg gjekk i spora hennar der ho hadde sin veg til skulen og til handelsmannen, «Nillo på Skjeret».

I Nillo sine butikkskuffer var der ein gong mjøl, gryn, sukker og mykje anna rart.

Mammo mi fortalde alltid om solnedgangane i havet, og i går fekk eg endeleg sjå, med utsikt frå Brandasundssåto over Slåtterøy fyr.

Purpurlyngen klorar seg fast til berget, om det er aldri så verhardt.

På heimveg, over bruene, brann himmelen. Ein sommarkveld i Brandasund er meir enn verdt turen.

 

 

One thought on “Brandasund ein sommarkveld

  1. ja det var ein fin kveld dette ……har hatt slike kveldar tidlegare med like fin solnedgong,Er enig at turen er vel anvendt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s