5 regnvêrsgleder

1 – Tur på ein stubb av postvegen.

 

2- Mykje vatn i elvar og bekker gjev oss billigare straum.

3- God vassføring kan gje fisk på kroken.

 

4- Har du barn eller barnebarn med deg, kan de plaska i alle søledammane (pssst! kan du gjera om du går åleina òg!)

5 – Nyta synet av ei perlerad utanom det vanlege.

 

Gjer som sauen, pakka deg inn i ull, så bit ikkje regnet på deg!

frå Ulriken til Jondal til Kvinnherad

Kva gjer ein vasstrukken vestlending når ho er på bytur og det vakraste haustvêret slår til? Jo, finn seg eit luftig turmål, og legg oppover fjellsida mot Ulriken; minst 25 år sidan forrige tur i dette området.

Bergen må vel vera verdens vakraste by sett ovafrå!

Kjekt å kunna sjå «heilt heim» frå bydn, Ulvanåso og Englafjell midt i bildet.

Turen heimover gjekk via Jondal, måtte prøva den nye Jondalstunnellen. Her Torsnes? før 10 km tunnel tar oss trygt gjennom fjellet til Kvinnherad.

Så er me ute på Kvinnherdssida i Nordrepollen, og kjører inn i solnedgongen, heilt ekte, ikkje nokon romantisk klisje 😉

 

Hausthage

Hausten har for lengst banka på i nr 9, dansande insekt har lete seg fanga i vevkjerringane sine slue nett kring lyskjelda. Ingen har hatt tid til å stella blomar på lenge!

Eg likar best planter som greier seg sjølv, utan særleg stell, hortensiaen med si overdådige blomeprakt er eit funn for hagen om hausten.

Rosene blømer stadig, om enn noko medtustra etter all vinden.

Elles kan hausthagen by på mat for småfuglen framover mot vinteren.

Mat for folk finst òg. Om du skal planta deg eit nytt epletre, kan eg anbefala discovery. Han løner deg med mykje eple. Vårt tre vart planta for 1 år sidan, og stod full i finaste raude eple i år.

Sukkerepla som heng så dårleg på stilken sin, havnar oftast som mat for det som kryp på bakken.

Men midt i blandt det som er på veg ut, finn du ein raudnande kristtorn på veg inn, ei varsom påminning om at det berre er 3 1/2 månader til jul 😉

søndag = turdag

Dersom du berre har tid til ein liten søndagstur, er Opsangersneset eit godt val.

Langs skogsbilvegen går du gjennom granfelt, om ikkje anna så er grana fin som mønsterrapport mot himmelen.

Tørr, fin sti utover mot neset.

Skogen opnar seg med utsyn til Torsøyo (Vetle Bjellandsøy).

Ta med kaffi og niste!

Ute etter strandliv?

Sunde sitt svar på Waikiki beach 😉 God tur!

mellom middag og kaffi-tur til Vardhaugen

Som dei andre Kvinnhersbygdene, er Sunde full av fine små og store turmål. Vardhaugen ligg på Bjellandslandet, straks etter siste husa ved enden av vegen. Som vanleg i vestlandsskogane, må du først gjennom tett granskog.

Langs vegen er det nokre små stup, men her har «Turstiar på Sunde» ordna med rekkverk.

Mann og hund til topps, ikkje langt, men fin utsikt over Sundebygda.

Mot sør, i skodda, kunne me skimta Halsnøy med Høylandsbygd.

På den gamle løemuren langs heimvegen, hadde plogen lagt seg til kvile, truleg for godt.

Sur-apalen ved løemuren legg seg derimot ikkje til kvile.