NAUSTHAUST

Gamle naust har gjort sitt for i år. No ligg dei der og kviler i glansen frå eik og osp som veks seg stadig nærare innpå.

Langs sjøvegen veks hyllen tett, og svartatrasto skrattar og meskar seg i all denne overfloden.

Haustferiefinale på Nordefjell

Eit nydeleg haustver kan gjerne nytast i høgda, og gjerne saman med ein ven. Søndagsturen gjekk til Nordefjell, eit mykje nytta turområde i ytre lut av Kvinnherad. Ivrige Holly var min turven i dag 🙂

Første stopp er Kokkelberg, med Bakkabøgavlen og Manen langt bak.

Frå Nordefjell har du utsyn heilt til havs, med 3 s-ar på rad: Sunde, Stord og Siggjo.

Heimvegen kan du leggja om Olderbotn, viss du då ikkje føler for å overnatta her? Det er nemleg fullt mogleg.