lefselaget

Det var i dei dagar, tida var komen då det skulle bakast lefser til jul.

Fin gong på baksten.

Med mange bakstekoner og -mann på same kjøken, blir det mykje preik, lått og løye, og det er snart føre å gløyma det som ligg på bakstehella.

Dei yngste på lefselaget sørgjer for heller uvanlege innslag i det tradisjonelle lefsemiljøet.

Det starta med ei tanta og ei niesa på eit mindre kjøken, i dag har det auka til denne store lefsefamilien. Og med kjolaførkleet på plass, kan ei vanleg kåna kjenna seg som ei ekta bakstekjerring.

blåtimetur

Blåtimetur langs Opsangervatnet frå Podlen til Månedalen, er ein spennande tur i terreng med lite ferdsel.

Nokre stader fell berget bratt i vatnet, som her med fin utsikt mot Sundsteigen.

I Lun(n)evik er det fine, små strender som innbyr til  bading sommarsdagen.

Mon tru om Opsangervatnet husar ein fjern slektning av den meir kjende Nessie i Skotland? Noko ligg iallefall og vakjer i vasskorpa!

11.11= Mortensmesse

Dersom du er i Danmark i dag, er det stor sjans for at du har hatt gås til middag. I dag er det nemleg Mortensmesse eller Mortensdag, og det skal serverast gås. Sidan nordmenn aldri har hatt nokon utbreidd gåsetradisjon når det gjeld mat, nøyer vi oss med å spå veret  denne dagen. Dersom det var våtvêr og grønt på Mortensmesse, skulle det bli kvitt til jul, omvendt dersom dagen var kald og kvit, sa dei i alle fall i Østfold. Andre stader sa dei at regna det på Mortensdagen vil det vara til nyttår. Hos meg var det GRØNT og VÅTT i dag. Spørst om ikkje det er den andre versjonen som slår til her vest? Men det er lov å vera optimist og håpa på den første. Vil du vita meir om Mortensdag, kan du lesa i «Dag og merke» av Brynjulf Alver, kjekk bok, eller (mykje lettare) googla.

grått er in

Søndagen sende mengder av gråvêrsskyer innover oss i dag. Kanskje skyene har vore på helgatur til Shetland som ligg i strak linje  her vest for innseglinga til Hardangerfjorden? No vil dei heimatt til fjellandet i aust, og seglar på høg himmel over land og strand, speglar seg i stille sjø på Krabbahopen, og stryk innover husnes-og uskedalsfjella.