GOD JUL!

Medan austavinden ular om novene, kan eg ta fram gårsdagens stille førjulsstemning frå turen rundt i bygda. Eg takkar for følgjet i året som har gått, og håpar du vil kikka innom i året som kjem også.

Ønskjer deg ei GOD JUL med mykje hygge og glede!

inst i sundsvågensjøisen frys til rosereføyen har teke julapynten på

KJELDA

bekkjen til mammo

I desse dagar når eg styrer og ståkar for å bli ferdig med alt eg hadde tenkt til jul, tenkjer eg på mor mi. Ho og dei andre konene på småbruka langs fjordane hadde det også travelt før jul. Mellom anna var gjerne klesvasken større enn vanleg. Alt måtte jo skina til jul! I dag var eg ved kjelda der mor mi skylde klesvasken. Litt attgrodd er kjelda rett nok, men vatnet renn enno friskt og kalde. Grua der ho først kokte klesvasken, er borte, men eg ser for meg dei sprukne fingrane hennar midtvinters, sprukne av den kalde medfarten dei fekk i vatnet.

julavask her

Hanne Bramness har skrive eit dikt om kvinnene som vaska i bekkjen. Diktet står i «Solfinger», ei fin diktbok å gje i julagåve til nokon du er glad i.

VED KJELDA

For lenge sidan kom det kvinner hit

med dampande vask dei skulle skylje.

Eg høyrer brått stemmene deira i stilla,

som eit ekko gjennom tida.