Kuppern skrid i Squaw Valley

Året var 1960, Kuppern tok gull på 10 000-meteren i OL i Squaw Valley. Kvinnene fekk for første gong gå skeiseløp i OL ( men dei høyrde me ikkje så mykje om). Utetter 60-talet fekk smågutane sine første lengdeløparar med sko (jo, nokre jenter òg, Elna og Jorunn t.d.). Det er dei same gutane du ser i dag, ingen kan gå på skeiser som dei. Det blir ikkje det same med hockey og kunstløp, der du trippar og spring bortetter. Jo, Kuppern skrid framleis….

Ei hand på ryggen, og slengjer med armen ved inngang til svingen, slik skal det vera!
Ei hand på ryggen, og slengjer med armen ved inngang til svingen, slik skal det vera!
Lengdeløparar og turskeiser møtest.
Lengdeløparar og turskeiser møtest.
Skuggane bli lange, og me går heim.
Skuggane bli lange, og me går heim.

eventyr på rim

Rimfrosten tryller fram dei vakraste bilete langs søndagsturen min. Tjafsete vegkantar vert til nydelege tablå. Og høgt over, blå, blå himmel, nyt mens du kan!

Fjorårsgammalt, men lika fint.
Fjorårsgammalt, men lika fint.
Pynt langs vegkantane.
Pynt langs vegkantane.
Olderraklane er klare til våren.
Olderraklane er klare til våren.
I dag er Jesus ute og står på ski, sa me ungane, i gamle dagar, når me såg slike striper.
I dag er Jesus ute og står på ski, sa me ungane, i gamle dagar, når me såg slike striper.

Dårlig sikt

NaustvikjoÅskesviksnart flisdine sko???Meteorologen melde dårlig sikt i dag, men det blei vakkert turvêr likevel. Ikkje noko langtur, men koseleg rusletur gjennon Vågsmarka, over Åskesvik til Bjelland. NOKON hadde gått av seg skorne inn i det nye året, kjenner du dei att? Ragnvald har gjort klar hun-veden som skal bli flis og deretter varma opp drivhusa.