Fin laurdag i februar

Bleik februarsol og fuglasong på øyra er perfekte kulissar til min favorittsyssel ein laurdag i februar. Frukttre og bærbuskar skal skjerast, samstundes får eg klatra litt i tre.

Gjerne ikkje perfekt snitt, men det bryr ikkje sukkerepletreet seg om, alltid riktbærande.
Gjerne ikkje perfekt snitt, men det bryr ikkje sukkerepletreet seg om, alltid riktbærande.
Februarlyset avslørte at vinterstormane ikkje berre flerra takpanner av huset vårt, uthuset var blåse heilt skeivt.
På skeivo
På skeivo
Oppmarsjerte hedler ventar på ein flittig vårmaur.
Mykje godt hedlearbeid i vente denne våren også.
Mykje godt hedlearbeid i vente denne våren også.
IMG_1211Gammalt gras må vika for spenstige snøklokker. Det smakar av vår denne laurdagen.

Solefallsang

Er det rart ein blir glad i solnedgongar når ein er oppvaksen på Raudstein? Her er mykje himmel og sjø der sola kan leika seg med malarskrinet sitt før ho tar kveld. Og så kan dette fargespelet få meg til å høyra far min, korsongaren, syngja «Solefallsang»:
Naar Solen falder bag Top og Tinde,
Naar Dagen daler og blir et Minde,
Naar det blir Guld det, som graaned mest,
Da kanske Skønner du Landet bedst

Bjellandstjødno

Halvvegs ute i Bjellandsneset finn du Tjødno. Her ligg ho litt gøymd frå allfarveg, og godt er kanskje det. Området er myrlendt og det skal lite til før du står i blautmyr til langt over støvlane. Difor passar det fint å besøkja Tjødno før frosten slepp taket og du kan gå trygt inn på islagt vatn.

Her har englane leika seg.
Her har englane leika seg.
Området har litt "urskogpreg" med gamle skjeggete tre.
Området har litt «urskogpreg» med gamle skjeggete tre.
islagt