på gamle (hytte)tomter

I dag gjekk turen inn i granskogen på Opsanger, der «Turstiar på Sunde» har merkt ei løype. Går du vidare innover stiane, kjem du til Øspevik, der svigerbestefar Tor sette opp ei hytte tidleg på 1950-talet. Hytta har vore mykje i bruk, men ikkje dei siste 10-åra. Like fullt er dette ein idyll med varm solbakke og jublande fuglakvitter.inn granskogenhytto I sjøkanten nedanfor, ligg ei vakker rullesteinstrand.strandoOg her har me kanskje sete som nye kjærastar.kjærastebenkEinkvan har tenkt på nye generasjonar med fuglar og sett opp rikeleg med  fuglakassar. til leigetil leigekom innomtil leige her ogledig hus

vinter versus vår og sommar

Eg har lovprist den kalde vinteren i mange veker no, men i dag, når kulingen piskar Kvinnhersfjorden kvit, lengtar eg etter vår og sommar. No har eg fått nok vinter for min del, vil eg ha meir snø, kan eg ta turen til fjells. No kjenner eg at båtlivet kallar, og draumen om sommarmenyar begynnar å ta form.

Vetle Kvanndalsnuten
Vetle Kvanndalsnuten
Vetlehamn innafor Øykjneset
Vetlehamn innafor Øykjaneset
Sommargodt frå hagen
Sommargodt frå hagen

Kaldestadåsen, midt i hjarta, i mitt hjarta

åsenGodslig, rund og ruvande ligg Kaldestadåsen, midt mellom bygdene våre. Husnes, Røssland, Kaldestad, Grønstøl, Sunde, Opsanger og Røsslandslio kringlar seg om han . 
på toppen Alle bygdene sender stiane sine mot toppen.over kolamyroSomme stader er bratte og kvasse, medan andre stader byr på kvile, som her på Glanhaug.Glanhaug

mange meter furu

I åssidene står gamle majestatar, hogstklare!

ho ventarOg i Torsenedalen sit ho som ventar på han som lova å komma att. Men ventar ein for lengje , vert ein mosegrodd!

Handskrift

I dag går turen min tilbake i minne. Mammo mi var glad i å baka, i huset vårt var det (nesten) alltid kaker av eit eller anna slag. Ho lét etter seg fullt av oppskrifter, anten handskrivne eller utklypp. Å ha desse handskrivne sidene i si eiga, er som å ha litt av den som er borte hos seg. Handskrifta er ein del av personlegdommen vår, unik.handskriftMellom mykje anna, bygde far min båtar. Han førde timane i ei notisbok, og måtte vera stø i multiplikasjonsalgoritmen. Handskrifta vekkjer gode minne. Men kva skal det bli av handskriftminne etter oss, som snart berre kommuniserer via tekniske duppedittar?handskrift