innedag

verstasjon på knausenfakta svart på kvitt(gult)Vêrstasjonen melder om regn og vind, me kan ved sjølvsyn konstantera at det stemmer! Ikkje at eg brukar vera så redd for væta, men i dag……………………."ta en potet"….passar det veldig godt å brodda poteter, for dei er meir enn klare til å formeira seg.sol i gårDessutan var det sol i går, og NOKON kosa seg på terrassen, så eg trur eg ventar med utelivet til stolane har tørka og vindmålaren står meir i ro 😉

nyutsprungne russ

Snart mai og russatid. I kveld har 2 ivrige russajenter okkupert kjøkkenet vårt. Mor sjølv stiller med symaskin og gode? råd.

CIMG4213Søtruss

CIMG4216Metallruss med innslag av yndige sommarfuglar. Søtt eller metall, mor ønskjer dei begge ei fin russatid.

Ulvanåso 2013

Dagen før fyrste sommardag, tok me skia på nakken og trakka oppover på fast snø mot Ulvanåso.DyrrindoLiten pust i bakken før siste brattane.

Selet oppe på DyrrindoHer ved selet på Dyrrindo, treff ein som oftast andre turglade skigåarar (nei, ikkje Helge Ingstad, han er berre bilete på ski no).

EnglafjellEnglafjell, vakkert namn på vakkert fjell.

til toppsMed Tor til topps. Mannen blir liten mot mektig fjell.

eg ventar herEg ventar her ved Økterdalstind, det er best for meg 😉