Høyrer du til dei som hoppar i vatnet berre sola viser seg om våren?Eller høyrer du til dei som ventar? På Sunde i gamle dagar, fekk ikkje ungane lov til å bada før ljåen i Mjelkhaug var borte. Langorvet ligg der og skin i kveldssola, likevel hoppar dei tøffaste gutane på Sunde frå Bjellandsbrua i kveld.
Månad: mai 2013
Pinsetur til Vardhaugselet og Vardhaugen
Eg går gjerne oppatt dei same turane år etter år, likevel er aldri ein tur den andre lik. Vêr, lys, temperatur, ikkje minst selskap, skiftar gjerne frå gong til gong, og kjedeleg blir det aldri.
Familiens to sprekaste rastar i Olderbotn.
«Mi dør står open for alle», skreiv Hartvig Kiran i viseteksten, slik er det også på Vardhaugselet. Her kan du laga mat og overnatta om du vil.
Heldige er me som bur i eit slikt paradis av øyar og fjell tett opp til kvarandre.
Lettbeint gudlajenta på Vardhaugtoppen.
17.mai-gleder
Eg likar det når 4.klasseforeldra er i gang med å pynta fina bygdo vår til 17.mai-feiring, sjølv om det nesten ikkje er grønt lauv på bjørka. Eg kjenner barndommens smak av syttandes; kronesisen me kunne kjøpa, eller kanskje berre 50-øres Jaarviksis, så rakk pengane lenger, drikka Solo og eta tebrød med masse melis og «gult» på.
Eg likar det når eg kan ta fram bunaden, og minnast ein svart matroskjole eller rosete kjolatøy, nystróke, saman med raud hårsløyfe som sleit i tjukt, stridig hår. Kjøretøyet til bygdars var ein tohjuls-traktor med tilhengar der kjøkenbenkene fekk duga som sitjeplass så ikkje finstasen skjemdes.
Eg likar det når eg får stryka bunadsskjortene, og kan gle meg til å vakna av drønna frå saluttane først den næraste, så frå bygdene rundt.
Eg likar det når mai fløymer over oss, og bakkane er fulle av hopp og sprett.