17.mai-gleder

IMG_1274
Eg likar det når 4.klasseforeldra er i gang med å pynta fina bygdo vår til 17.mai-feiring, sjølv om det nesten ikkje er grønt lauv på bjørka. Eg kjenner barndommens smak av syttandes; kronesisen me kunne kjøpa, eller kanskje berre 50-øres Jaarviksis, så rakk pengane lenger, drikka Solo og eta tebrød med masse melis og «gult» på.<3
Eg likar det når eg kan ta fram bunaden, og minnast ein svart matroskjole eller rosete kjolatøy, nystróke, saman med raud hårsløyfe som sleit i tjukt, stridig hår. Kjøretøyet til bygdars var ein tohjuls-traktor med tilhengar der kjøkenbenkene fekk duga som sitjeplass så ikkje finstasen skjemdes.
vekk med rukkene
Eg likar det når eg får stryka bunadsskjortene, og kan gle meg til å vakna av drønna frå saluttane først den næraste, så frå bygdene rundt.vakraste
Eg likar det når mai fløymer over oss, og bakkane er fulle av hopp og sprett.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s