jonsok-magi

Vi drog til jonsokbålet i dagevis i mitt barndomsland. Midtsommarsbålet var farne tiders renovasjonssystem. Gamle sko, ubrukande møblar, utslitne klutar og klede, på bålet med det! Endå til ein gammal robåt kunne enda livet sitt der, til stor glede for oss borna, for då varde bålet lengje. Men likevel var lukka å finna ein raudbrakje i skogen, han brann så godt, særleg om jonsokafta kom med regn.raudbrakjeJonsokmaten var pølser, då som no, men ikkje Gilde sine slanke pølsefingrar. Nei, vi spidda middagspølse, kutta opp i høvelege snabbar. Svarte vart dei, men smaka like godt for det. Jonsokdrikka for borna var ei lita flaske raud brus, hugsar du brus-ungane, dei aller minste flaskene? Spiker-hol i korken, så slapp du få all brusen opp i nasa når du hella den sjeldne drikken i deg. Dessutan høyrde Tom-kjeks til jonsokmenyen, med den leie eigenskapen at han alltid enda som små blaute ubåtar i brusen.hanakamIkkje teikn til bål på nesa der turen min gjekk i dag, berre hanakammen vifta stille i bergskorene. Jonsokbålet har kanskje tapt i konkurranse med grillen?7 sortarMen litt gammaldags magi kan vi vel unna oss? Jonsoknatta kan den ugifte plukka seg 7 sortar sommarblomar, og leggja dei under hovudputa. Då skal du drøyma om din tilkomande. Det skadar no ikkje å prøva, men for meg er det for seint 😉

sjømannsblod

Bestefar min var sjømann, far min var sjømann, fleire av søskena mine var sjømenn, onklar var sjømenn, og eg elskar båtliv om sommaren. Rett nok går ikkje mine reiser SÅ langt som deira, men det må vera noko i blodet, ja.BildeÅ finna seg ei lun vik blir eg aldri lei av.BildeStrendene eg har besøkt mange gonger før, blir «nye» kvar sommar.BildeI mang ei vik finn du spor av kvardagsliv. Ein gong stod her ei nothengja, no står berre murane att, vakre og solide, bygde for å tola ei uvêrsnatt og to.BildeOg når du trør i land, sprutar tepperota mot deg og lyser opp dagen din anten sola skin eller ei.

lavt skydekke over Tysnes

Sist søndag steig eg i land på Tysnes, dette løyndomsfulle landet som låg på «hi sio» av fjorden og lokka då eg var barn. Eg kunne sitja lenge på trappahedlo og studera hus, skog og fjellformene der borte, kanskje lurte eg meg til med kikkert òg. Tidlegare har eg berre vore langs vegane på Tysnes, denne gongen gjekk turen til skogs.BildeVakrare grøne lauvskoglier skal du leita lengje etter.BildeOpnare landskap med myrar og vatn møtte oss på vegen mot Tysnessåta.BildeBildeDenne gongen gjekk ikkje turen til topps, det tar vi ein annan gong. I staden venta det oss ei blid mottaking på Håheim gard med 3 rettars middag og venleg atmosfære. Til og med på do kjende du deg ytterst velkommen.BildeOg i horisonten nokre steinkast unna, står Sunnhordlands nye landemerkje, vindmøllene på Fitjarfjellet.Bilde

juni og heggeduft

«Det glitrer blankt i et cykkelstyre/Nu er det juni og heggeduft/og unge jenter har tynne tøier imellom sig og den lyse luft.» – Slik startar Nordahl Grieg sitt vakre dikt om sommar, sykkel og kjærlighet.BildeBildeBerusande heggeduft kan gjera nokon kvar ør.Bilde«O cykkelstyre. O kjærlighet.» – om ikkje nett av den ungdommelege sorten.