jonsok-magi

Vi drog til jonsokbålet i dagevis i mitt barndomsland. Midtsommarsbålet var farne tiders renovasjonssystem. Gamle sko, ubrukande møblar, utslitne klutar og klede, på bålet med det! Endå til ein gammal robåt kunne enda livet sitt der, til stor glede for oss borna, for då varde bålet lengje. Men likevel var lukka å finna ein raudbrakje i skogen, han brann så godt, særleg om jonsokafta kom med regn.raudbrakjeJonsokmaten var pølser, då som no, men ikkje Gilde sine slanke pølsefingrar. Nei, vi spidda middagspølse, kutta opp i høvelege snabbar. Svarte vart dei, men smaka like godt for det. Jonsokdrikka for borna var ei lita flaske raud brus, hugsar du brus-ungane, dei aller minste flaskene? Spiker-hol i korken, så slapp du få all brusen opp i nasa når du hella den sjeldne drikken i deg. Dessutan høyrde Tom-kjeks til jonsokmenyen, med den leie eigenskapen at han alltid enda som små blaute ubåtar i brusen.hanakamIkkje teikn til bål på nesa der turen min gjekk i dag, berre hanakammen vifta stille i bergskorene. Jonsokbålet har kanskje tapt i konkurranse med grillen?7 sortarMen litt gammaldags magi kan vi vel unna oss? Jonsoknatta kan den ugifte plukka seg 7 sortar sommarblomar, og leggja dei under hovudputa. Då skal du drøyma om din tilkomande. Det skadar no ikkje å prøva, men for meg er det for seint 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s