Sol over Seløyo

Dei to siste dagane har me kryssa Husnesfjorden, og gått i land innafor Flintaneset vest på Seløyo. Ei grunn vik fører inn til ein endå grunnare poll der det er laga demning ein gong for lenge sidan, truleg for østersoppdrett.3 seløy1 seløyIMG_1412

Rundt pollen veks gul iris i hopetal. Kven kan ha planta denne?
Rundt pollen veks gul iris i hopetal. Kven kan ha planta desse?
Østers fann me ein del av, men var ikkje freista til å eta han.
Østers fann me ein del av, men var ikkje freista til å eta han.
Ei yrande liv i det grunne vatnet i pollen, der store strandkrabbar regjerte.
Ei yrande liv i det grunne vatnet i pollen, der store strandkrabbar regjerte.
Mengder av flate, fine skøynesteinar å finna. Rekorden min denne gongen vart 10 hopp.
Mengder av flate, fine skøynesteinar å finna. Rekorden min denne gongen vart 10 hopp.
På turen heimover svippa me bortom inngangane til dei gamle kalksteingruvene.
På turen heimover svippa me bortom inngangane til dei gamle kalksteingruvene.
Heimover på nesten flat sjø, med utsyn til mitt fjell-turmål i sommar: Gygrastol bakerst i biletet.
Heimover på nesten flat sjø, med utsyn til mitt neste fjell-turmål i sommar: Gygrastol bak i biletet.

rosesøndag

Sommarsøndag med regnvêr kan brukast til maling innandørs. Slik er det hos meg i dag. Difor blir det ingen luftig turblogg i dag. I går kveld kom vener på besøk med nydelege roser frå eigen hage, vakrare gåve finst knapt:

IMG_1374IMG_1376

«Det dufter alltid av den som gir roser.» (peace og ?)

IMG_1379IMG_1382

«Du rører ikkje ein blom utan stjernone skjelv.» (Prestegardsroser og Hansa)

IMG_1380

«Jeg vil heller ha roser på bordet enn diamanter rundt halsen.» (Santana)

IMG_1385

«I neste liv vil jeg bli en blomst som du kan lukte på» (Austin-rose)

IMG_1381IMG_1386

«En visdom som ikke kan leses i bøker, kan leses i roser.» (Astrid Lindgren og Bonica)

Alle rosesitata er henta frå nettsida «Siterte sitater», der finn du opphavsmenn/kvinner.

smak av sommar

Ei vekes tur på hovudet inn i varmen, då handlar det gjerne om å:ny mariSOLA SEGsymjaBADA – her «father-and-daughter-swimming»olive treeETA gresk mat på idylliske restaurantar, her «The olive treee» i Platanias.CIMG4435Ta med heim gode idear til å få plantane unna brunsniglane.CIMG4443NYTA vakre solnedgangar over Middelhavet.CIMG4446Leggja seg i ei fin seng som «stuepiken» har dekorert.CIMG4433UNDRA seg over kor store våre potteplanter her heima eigentleg kan vera når dei har rette klimaet.IMG_1353Og så komma heim til den norske sommaren, rett nok kjøligare, men like vakker.