leikeplassen

leikeplassenLandevegen var hyppig nytta som leikeplass då eg var liten. Ikkje den asfalterte som no, men den gruslagde. Her streka me opp paradis, hoppa strikk. leika slåball, kappa land/lysa krig, ja, alle dei leikar som kunne fjernast raskt om det kom ein bil. Det var jo ikkje så ofte det skjedde, då.
raudsteinskleivaneraudsteinskleivane
Raudsteinskleivane, bratt både ovom og nedanfor, var også ein del av leikeområdet vårt. Den gongen fanst det ikkje autovern i metall, men ein lav sementmur som passa perfekt til balansekunster. «Ikkje gå på muren i Kleivane!» sa foreldra våre. Så det gjorde me.