Ny i byn

P1000025Å vera ny student i framand by er slett ikkje verst når skulebygget er som henta ut av ein favorittfilm frå nyss tilbakelagd ungdomstid. Gamlebygget på NTNU i Trondheim er vakkert arbeid.P1000017I eit nyare bygg finn du spennande saker som Foucaults pendel (ei mor lurer på kven som set opp att alle spikrane etter ein jordrotasjon!)P1000031Skal studenten ein tur til sentrum, kan ho vandra gjennom gamlebyn og passera både sykkelheisen og gamle bybrua.P1000035P1000037P1000023Ein gammal kjenning møter du likevel på i alt det nye: Nidarosdomen, ser akkurat ut slik du hadde sett han i lærebøker, på tv eller kor du no blei kjend med han. Vel verd å ta ein nærare kikk på både ute og inne (og mor fekk ein ide om kva ho kunne bruka den øydelagde klebersteinsomnen heima til).

dropleregn

I dag passar vêret til Hartvig Kiran si vise om

DROPLEREGN

Mildt stilt dropleregn dryp i blygrå blank sjø

Ein for ein, drypp! drypp! kling ein tone skjør og sprø.

Sakte som eit hysj! hysj! framfor noko som skal skje.

Allting ventar medan store blanke dråpar stilt fell ned.CIMG4586CIMG4593CIMG4595