mor på nye spor

Treng ikkje gå langt frå heimen før eg er på stader der eg aldri har vore før. I dag følgde eg skogsvegen frå Våge mot Beltesnes. Her må ein trø varsamt for tida.P1000146P1000121
På høgd med tante Torunn sitt hus (for dei lokalkjende), tok eg ned til venstre, og kom ned mot Tømmervikjo som gøymde eit gammalt naust med tilhøyrande robåt.P1000139P1000138Vidare over ein haug, kom eg til Vetlehamn, idyllisk badevik. P1000131Kvinnherdsfjorden viste seg frå si glatte side i dag, med utsyn langt nordover mot Ølve-og Fusalandet.P1000130

på veg til Englafjell

Kvar morgon når eg stig ut på trammen, ser eg rett mot Englafjell. Ho varslar om vinteren er i anmarsj, eller om våren let venta på seg når ho kler seg i kvitt. Men i går var det ikkje antydning til kvitt, berre varm sol. Me la turen til toppen om Bremstølen, Sundsstølen og Svartavatnet. P1000082Når du kjem til kanten av Sundsstølen, får du vakkert utsyn over øyparadiset i Sunnhordland.P1000084Idyllisk rasteplass ved vatnet på Sundsstølen.P1000091Godt merkte løyper heile vegen.P1000093Nybygd kvilebu ved Svartavatnet.P1000104LomatjødnoP1000105Ulvanåso sett frå motsett kant enn der eg kjem opp til vanleg.P1000107Turfølgjet mitt fekk gå åleine til topps, litt for skummelt for meg denne første gongen, men neste gong…….P1000111I klår haustluft kunne eg nyta vidt utsyn medan eg venta. Her ligg Tysnes med Hovlandsnuten og Tysnessåto. Lengst bak kan me skimta Sotralandet.P1000115Kvelden seig på før me nådde heim.