mitt strikka-liv

Inspirert av nrk si strikkasending fredagskvelden, gjekk eg på strikkajakt i minnekistene på loftet. Ein gong kunne eg nesten kallast storstrikkar, men det er lengje sidan. Det starta enkelt, eg hugsar ikkje det første plagget eg laga, truleg var det dokkeklede. Men opp i ungdomsskulealder såg strikkaplagga mine slik ut:P1000199Etter kvart avanserte eg, tok til og med sjansen på å strikka fanakofta til kjærasten, endå det vart sagt at»strikkar du jakka til kjærasten din, blir det slutt», men etter 40 år saman, så kan me vel ikkje seia at den spådommen slo til:P1000204Hønsastrikk var populært på -70talet, og det var heftig pinnaklirr i timane på lærarskulen. Lærer Torbjørn kunne styra seg for denne aktiviteten, og utbraut noko slikt som: «Eg fattar ikkje at de jenter kan konsentrera dåke om faget når de skal strikka samtidig!» Men, Torbjørn, eg hugsar enno at arbeid=kraft x veg, sjølv om det ikkje nett vart strikka inn i desse 2 jakkene som vart til i timane i bevegelseslæra:P1000197Og så var det -70talets oransje-og-brune alibi:P1000203Noko vart strikka etter ferdigmønster, som den mørke jakka til venstre, andre dikta eg mønster til sjølv, som den lyse:P1000200Etter kvart kom det babyar inn i strikkalivet mitt <3:P1000193Sjølv om bestemødre og tanter forsynte småjentene med strikkaklede i rikt monn, hende det at mor fekk tid til å strikka litt, anten det no var blånissegenser eller finjakke til bursdagskjolen:P1000202Med åra har strikkaprodukta mine blitt enklare, skal kanskje ikkje tenkja for mykje på kva grunnen kan vera. No går det i vaskeklutar og ikkje minst små kuvøser som skal enda i Tanzania ein stad. Eit strikka-liv er eit godt liv!P1000205

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s