godt nytt (sykkel)år!

Med akkurat passe fart inn i det nye året som må bli «året på sykkel» for min del! På veg mot nye eller velkjende horisontar, begge deler kan vera godt. Eg håpar du vil vera med meg på bloggtur vidare, anten det no er på sykkel, til fots eller heilt andre typar vandringar eg skulle koma borti. sommar -131

englakrangel

Kan bli litt hissige nokon kvar i ei hektisk julastri, men desse to hadde nok kome altfor nære kvarandre over altfor lang tid, stappa ned i same eske sist jul. Hår og venger surra seg fast i kvarandre i basketaket, men det enda godt.P1000275Då gjekk det betre med desse to gjennom siste års samliv, like blide i år som i fjor.P1000277Og då er eg komen så langt at finaste julapynten, den som kjem frå barnehand, kan hengjast på treet, og så kan jula koma! God jul til alle blogglesarar!P1000276

(nest)siste reis

I dag har det vore ryddedag i heimen. Ikkje fordi det snart er jul, men det passa seg slik etter at badet vart renovert, og mykje avfall måtte avhendast. Brukeleg og ubrukeleg hamna i tilhengaren, saman med draumar som ikkje vart noko meir av. T.d gjekk restane av draumen om hønsahald rett i tilhengaren i dag. Første del har gått før, draumen fekk ein brå slutt då fuglainfluensaen herja, og det kom påbod om at hønene måtte haldast innandørs. Det gjorde ikkje saka betre då eg oppdaga 1000 rottespor i nysnøen om morgonane. På hovudet i tilhengaren gjekk grillen også, me vart aldri nokon grill-folk her i huset (orsak, Unni!)IMG_1486Sykkelen blir levert til gjenbruk på «godt og brukande», om enn vemodig, motvillig. Han har frakta jentene våre til og frå, mange turar til stallen i Våge eller på Bjelland. Enno kan han gjera nytta for seg hjå ein eller annan halvstyving med fart i.IMG_1482Ønskjer deg ei triveleg førjulstid, anten du no ryddar eller ikkje!

advent

I bibelsogetimane på barneskulen lærde eg at advent tyder å venta på noko som skal komma. Det var i den tida då adventsstakane var laga av ei halv-skie bjørkeved, den finaste i vedalaet. Som religionen har si ventetid, har naturen si.Tuntreet vårt pyntar seg med (nesten)adventsfarga bær, og ventar på at fuglane skal komma og fylla magen sin.P1000233Lerkekonglene ventar på å få komma inn i ein moderne heim som julapynt.P1000238Lite lauv ventar på eit vindkast som skal ta det ut på livsens siste ferd, men er kanskje for ung og grøn enno?P1000244Oldero har alt raklene klare og ventar på at våren skal komma.P1000249Vedaskier av bjørk er ikkje in som adventsstake lenger, det har eg skjønt, så med nymotens adventsinstallasjon ønskjer eg deg ei fin adventstid, medan me ventar på det som skal komma.P1000254