håle-tur

Ute i Bjellandsskogen ligg restane etter husmannsplassen Hålo. Her budde det folk heilt inn på 1900-talet. Husmannen, kone og 9 born levde av det vesle ein slik stad kunne skaffa fram. Med ei ku, nokre sauer og litt vedhogst greidde dei seg på eit vis, for oss i dag er det mest utenkjeleg.P1000319 Her i trappa har føter sprunge opp og ned, for det meste i arbeid vil eg tru.P1000318 Slik har Ole Bjarte Røssland tenkt seg at husa må ha sett ut. Ta deg ein tur til Hålo, reis tilbake i tid, det er skilta til staden frå Vardhaugvegen på Bjelland/Sunde. Hugs å fara varleg fram mellom murane!P1000316

det er dette

Kulingen har tustra med hus og hytter i dagar og veker. Regnet er ein jamn straum med vatn frå oven. Det er dette som er Vestlandet, det er her me likar oss trass i vatn og vind, her følgjer 9 gode grunnar til å bli verande vestlending: CIMG2942CIMG4302IMG_1394DSCN3422P1000104IMG_1083CIMG2494IMG_0449IMG_1149