OL eller ikkje OL?

P1000391Så langt kom eg på ol-huene som eg har hekla på under dei 2 siste dagane med spennande sendingar frå Sotsji. Eg kosar meg med ski-skyting, alpint og langrenn, dessutan ein liten dæsj kunstløp. Det siste kjem vel av at eg elska sjå på kunstløp då eg var lita, drøymde om å bli kunstløperske når eg blei stor. Men det var ikkje så mykje is å skeisa på når du budde på Raudstein, 2 små paddedammar, så draumen kvarv. Så kjem det store spørsmålet: Er OL verd alle pengane som skal til, miljøet som vert endra, svære byggverk som kanskje ikkje får den etterbruken som var tenkt osv? Eg skjønar at dette er stort for utøverane og jau, eg kosar meg med OL, men vil ikkje at me arrangerer Oslo-OL. Er det då greitt at ein annan nasjon tek dette på seg? Det er her eg møter meg sjølv i døra….

søndagstur på Sandvoll

Frå nordenden  av Erslandsvatnet kan du gå ein fin tur gjennom Vassdalen fram til Rudlen og Handelandselva. Ordskiftelaget på Sandvoll held på med opprusting av denne vegen, og har alt rydda vekk mykje skog langs vegen.P1000371
P1000376

Kald badeidyll ved Erslandsvatnet
Kald badeidyll ved Erslandsvatnet

i eventyre

«Mon tru om reveenka er heima?» tenkte han kanskje, reven som ville kryssa søndagsturen min i ettermiddag, men som bråsnudde då det lukta «kristenmannsblod». Så rask var han, at eg ikkje fekk tid til å festa han på minnebrikken.
Fleire eventyrlege opplevingar venta vidare langs vegen, eg gjekk meg rett på Soria Moria slott. Om det er prinsesser og troll bak desse glasveggane, veit berre Ragnvald i Våge. Men eitt veit eg heilt sikkert: Her blir det snart agurkar!P1000365P1000359