ut, ut, eg vil ut

 

Kanskje var det eit «fåraspel» å leggja ut på skitur til Ulvanåso når ein ikkje har vore på fjelltur sidan september. Vil legg-og lårmusklar tola dette? I passe fart gjekk det bra, og i sakte fart får ein betre tid til å nyta den vedunderlige utsikta som fjellet byr på når ein stig opp over Dyrrindo.

Høg himmel, liten mann
Høg himmel, liten mann
Litlenuten, rett ned, oppe i Uskedalen
Litlenuten, rett ned, oppe i Uskedalen
Majestetiske Englafjell, breier alltid ut "vengjene" sine over oss.
Majestetiske Englafjell, breier alltid ut «vengjene» sine over oss.
Godt å kvila i god avstand til brattare terreng
Godt å kvila i god avstand til brattare terreng

posten skulle fram

Ivrige postveg-vener av «Den stavangerske postveg» har i det siste sett i stand vegen frå Langgåt og opp over Raudsteinskleivane. Frå hovudvegen er det laga eit lite stykkje ny veg, før du kjem inn på den opphavlege postvegen.P1000440Langs vegen er det laga god grøft for vatn, tidlegare kunne me vassa til langt over anklane einskilde stader her. Enno ser det noko «ribba» ut langs vegen, men om får år vil gras og lyng gro inntil, og vegen kjem til å sno seg som eit smykke langs bøgarden. Over Løvikjo går vegen i to bratte klover, før han flatar ut nedunder Kålasletto.P1000443.P1000449Vel oppe på Alvokskodaren kan du kvila på ein vel tilrettelagd stein. Ein kan godt tenkja seg at dette var kvilestad for drengjen som frakta posten her for 200 år sidan også. Dessutan var dette staden for stor romantikk i si tid, for her fridde far min til mor mi for over 70 år sidan.P1000446Frå Alvokskodaren skal du kunna sjå 7 kyrkjesokn ein klarversdag, men ikkje slik i dag, så eg hentar fram flettejentene på same stad, ein solskinsdag på postvegen:CIMG2714

tidleg vår

Håttar du minna frå minnebøkene vi hadde då vi gjekk i skulen? Eit av dei let slik:
«I vårkvelds fred, når sol går ned, og du sit att og drøymer
Tenk då stundom òg på meg, når minna mot deg strøymer»
I kveld var ein slik minnebokkveld:
P1000439

stakkars skjor

Skjora er travel med reiret sitt, og medan skjora vippar fram og attende, må eg alltid tenkja på hendinga under, som fann stad for omlag 20 år sidan:

den grøne plassen

Bestemor og Kari (4 år) sit i stova og ser ut på alle småfuglane som held fest på fuglebrettet. Bestemor er ivrig fugleven. Brått skvett alle småfuglane unna, ei diger skjor blandar seg inn i gjestebodet, ubeden! «Å, der kom den stygga skjoro,» seier bestemor, går bestemt ut på altanen og jagar henne vekk slik at småfuglane kan få plassen sin att. Då ho vel er kommen inn i stova, ser Kari på henne, og seier: «Når EG blir stor, skal ALLE fuglane få mat.» Sidan har ingen hos oss jaga skjora bort frå fuglamaten.

View original post

Trondheim – ikkje berre Nidarosdomen

Sjølv om Nidarosdomen kan ta pusten frå deg med sin velde, er det mykje anna som også er verdt eit besøk i Trondheim. Denne gongen fall valet på Rockheim, nasjonalt museum for populærmusikk, opna i 2010. Her finn du det meste frå Nora Brockstedt og Jens B Jensen til Satyricon, a-ha og Bjørn Eidsvåg. Er du godt vaksen, vil du nikka gjenkjennande til juk-boksen, mopedane og swingdansen.P1000397
Du kan laga din eigen musikk ved å re-miksa kjende låtarP1000404
Og så kan du vandra på eit utal bybruer, gamle og nye, i så måte må vel Trondheim vera Noregs svar på Amsterdam.P1000396
Og i det byen tar slutt, bølgar bakkane vidt bortover (nesten) så langt auga rekk.P1000414