posten skulle fram

Ivrige postveg-vener av «Den stavangerske postveg» har i det siste sett i stand vegen frå Langgåt og opp over Raudsteinskleivane. Frå hovudvegen er det laga eit lite stykkje ny veg, før du kjem inn på den opphavlege postvegen.P1000440Langs vegen er det laga god grøft for vatn, tidlegare kunne me vassa til langt over anklane einskilde stader her. Enno ser det noko «ribba» ut langs vegen, men om får år vil gras og lyng gro inntil, og vegen kjem til å sno seg som eit smykke langs bøgarden. Over Løvikjo går vegen i to bratte klover, før han flatar ut nedunder Kålasletto.P1000443.P1000449Vel oppe på Alvokskodaren kan du kvila på ein vel tilrettelagd stein. Ein kan godt tenkja seg at dette var kvilestad for drengjen som frakta posten her for 200 år sidan også. Dessutan var dette staden for stor romantikk i si tid, for her fridde far min til mor mi for over 70 år sidan.P1000446Frå Alvokskodaren skal du kunna sjå 7 kyrkjesokn ein klarversdag, men ikkje slik i dag, så eg hentar fram flettejentene på same stad, ein solskinsdag på postvegen:CIMG2714

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s