restaurant knausen

Eg driv restaurant på si’……fuglarestaurant. Har ikkje så avansert meny – solsikkefrø og neter – men gjestene ser ut til å vera nøgde.

Kjøtmeisa er ein av storetarane, legg innpå så spruten står.
Kjøtmeisa er ein av storetarane, legg innpå så spruten står.
Herr og fru bokfink held seg gjerne til smulane på bakken.
Herr og fru bokfink held seg gjerne til smulane på bakken.
Grønsisiken, liten, men kvass i kampen om føda.
Grønsisiken, liten, men kvass i kampen om føda.
Grønfinken har funne seg eit bord med utsikt, ventar på maken, kanskje?
Grønfinken har funne seg eit bord med utsikt, ventar på maken, kanskje?
Dagens best kledde må vel vera herr bjørkefink.
Dagens best kledde må vel vera herr bjørkefink.
- men restaurantlivet er ikkje trygt for ein liten fuglakropp, for her lurer han som i sin tur har tenkt å forsyna seg av gjestene...
– men restaurantlivet er ikkje trygt for ein liten fuglakropp, for her lurer han som i sin tur har tenkt å forsyna seg av gjestene…

tid

Tida går, seier me, eller kjem ho? Når morgonsola stig, kjennest det som om tida kjem.IMG_1126P1000525

Eller kanskje tida går likevel? Men kan ho gå, viss ho ikkje har kome først?
Eller kanskje tida går likevel? Men kan ho gå, viss ho ikkje har kome først?
Og slik kan me filosofera medan tida flyg saman med flaggspetten som berre så vidt har tid til å vitja hagen min.P1000514