trufaste i vegkanten

Somme gonger har du trakka på dei, andre gonger plukka dei varsomt inn, blomane i vegkanten. Dei kjem att, år etter år, ikkje ein gong vegvesenet si kloring og grøfting greier å ta knekken på dei. Ein sykkeltur rundt Opsangervatnet vart gjensyn med dei gode gamle.P1000771P1000752

P1000758

P1000759P1000749P1000760P1000762

Ryvarden – Lyngholm

Litt ut av leio – mi vanlega – til Sveio, i dag har eg vandra langs havet frå Ryvarden fyr til Lyngholm. Over haug og hammar, gjennom små viker og bergskorer, med kvass nordavind rundt øyrene, du verda, kor vakkert. Sterkt å passera minnesmerket over dei omkomne etter Sleipner-ulukka i 1999, godt å kunna vandra i dette barske landskapet med varm sol i ryggen.

på grusveg ut til Ryvarden fyr
på grusveg ut til Ryvarden fyr

P1000718P1000722P1000720P1000726P1000730

"jag trivst best i öppna landskap" - ikkje vanskeleg å forstå Ulf Lundell
«jag trivst best i öppna landskap» – ikkje vanskeleg å forstå Ulf Lundell

40756 steg frå bryggje til bryggje

Turen langs Den stavangerske postvei frå Ølfernes til Herøysund tok oss 3 eldste raudsteinssøstre nærare 41000 steg, rett nok med ein og annan avstikkar. Det går opp, og det går ned, flott intervalltrening om du vil. I roleg rusletempo kan du derimot nyta blomeprakten i vegkanten, fuglasongen og det gode selskap. Turen er å anbefala, anten du tek heile strekkja på ein gong, eller deler opp i fleire økter. Her er utruleg mange fine passasjar langs postvegen, det er berre å nyta.

sauene viste veg det første stykket opp frå bryggja på Ølfernes
sauene viste veg det første stykket opp frå bryggja på Ølfernes
to trauste sambuarar, bjørk i eik
to trauste sambuarar, bjørk i eik
vakkert og fredeleg
vakkert og fredeleg
solid bru av gammal årgang
solid bru av gammal årgang

i Erslandsvatnet blømer vassliljene alt
i Erslandsvatnet blømer vassliljene alt
unge drøvtyggjarar i Handelandssekjo
unge drøvtyggjarar i Handelandssekjo

passerer fin dør, veit du kor dette er?
passerer fin dør, veit du kor dette er?
på høgaste punktet, over Raudsteinskleivane
på høgaste punktet, over Raudsteinskleivane
nymalt barndomsheim under grøne lia
nymalt barndomsheim under grøne lia
mål i sikte, Krobryggja i Herøysund
mål i sikte, Krobryggja i Herøysund