40756 steg frå bryggje til bryggje

Turen langs Den stavangerske postvei frå Ølfernes til Herøysund tok oss 3 eldste raudsteinssøstre nærare 41000 steg, rett nok med ein og annan avstikkar. Det går opp, og det går ned, flott intervalltrening om du vil. I roleg rusletempo kan du derimot nyta blomeprakten i vegkanten, fuglasongen og det gode selskap. Turen er å anbefala, anten du tek heile strekkja på ein gong, eller deler opp i fleire økter. Her er utruleg mange fine passasjar langs postvegen, det er berre å nyta.

sauene viste veg det første stykket opp frå bryggja på Ølfernes
sauene viste veg det første stykket opp frå bryggja på Ølfernes
to trauste sambuarar, bjørk i eik
to trauste sambuarar, bjørk i eik
vakkert og fredeleg
vakkert og fredeleg
solid bru av gammal årgang
solid bru av gammal årgang

i Erslandsvatnet blømer vassliljene alt
i Erslandsvatnet blømer vassliljene alt
unge drøvtyggjarar i Handelandssekjo
unge drøvtyggjarar i Handelandssekjo

passerer fin dør, veit du kor dette er?
passerer fin dør, veit du kor dette er?
på høgaste punktet, over Raudsteinskleivane
på høgaste punktet, over Raudsteinskleivane
nymalt barndomsheim under grøne lia
nymalt barndomsheim under grøne lia
mål i sikte, Krobryggja i Herøysund
mål i sikte, Krobryggja i Herøysund

One thought on “40756 steg frå bryggje til bryggje

  1. Gjekk denne turen motsett veg for eit par år sidan. Trass i stort sett ausande regnver blei eg heilt hekta! Det å gå att og fram over hovudvegen og sjå idyllane like bak der vi til vanleg berre køyrer forbi. Gøril

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s