Skronten – Gygrastol

På traktorveg og sidan på sti gjennom skog, over berg, så steinur gjekk turen i dag til Skronten og Gygrastol over Ænes. Mange fine utsiktspunkt når du kjem over tregrensa.

P1000953Varaldsøy nord til venstre, inn fjorden mot Strandebarm

P1000959Siggjo midt i bildet bakerst, Myrdalsvatn framme.P1000946Rosendalsfjella sett frå «baksida».P1000962Her vert det snart bratt utfor på begge sider, og som vanleg vert det min stopp omlag her. Og det blir meg fortalt at det er VELDIG smalt på toppen eit par hundre meter opp.

P1000954Utan tvil, hausten kryp nedetter fjellsidene.

i Claude Monet sin hage

I sommar fekk eg endeleg høve til å vitja hagen til Claude Monet i Giverny utanfor Paris. Ei utruleg vakker samling av blomar, buskar og tre. Ikkje sirlig på rekkje og rad, men meir som eit «villniss». Varmt var det, mykje folk, så her lyt eg komma tilbake med tid og stunder. Ein vårdag i denne hagen får vera eit mål som pensjonist 😉

P1000827P1000830P1000829P1000839P1000844P1000837